Bier på fylla

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 31. juli 2017 kl. 11:44 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Bier på fylla)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Bier på fylla er eit dikt av Paal Vollen.


Gjæra honning
søt og sterk
skaffar bier
hovudverk.

Dei kan lukte
alt som er,
den minste tingen
og dei ser.

Og fulle vart dei
på ein stad
der gjæra honning
kasta var.

Men ved kuba
fekk dei merke:
Nei og nei til
alt det sterke.

Nådelaust
og kort prosess:
Fulle bier
hiva vekk.

For menneska
moralen er:
Gå til bier,
sjå og lær!

Kjelder