Berg (Valle gnr 51)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Berg høgt oppe i dalsida med Åmli lenger nede. Steinsås til høgre.
Midtgarden bnr. 5, med Steinsås bak.
Foto: Geir Daasvatn

Berg er ein gard (gnr. 51) i dalsida på vestsida av Otra, ovafor Åmli, i Valle. Bruka på garden ligg mellom 550 og 620 moh. Nord-aust for Berg stig Steinsås opp til 782 moh. Frå enden av vegen til Berg går det privat skogsbilveg vidare innover i Hylesdalen (Åmli-Hylesdalen). Det høyrer mykje hei til garden, i sameige med Åmli.[1]

Historie

«Namnet kan tyde på ein gard av etter måten høg alder - iallefall frå mellomalderen», skriv Alfred Ryningen i Gards- og ættesoga for Valle.[2]

Segn

Vonde-Åsmund Berg skal ha levd kanskje på same tida omtrent som Vonde-Åsmund Rygnestad (1500-talet). Åsmund Berg kom eingong, kanskje i året 1548[3] for seint til kyrkja. Presten påtala dette offentleg. Vonde-Åsmund knivstakk og drap då presten etter messa. Ålmugen blei rasande, og hemnde seg med å steine han i hel.[4]

Litteratur

  • Alfred Ryningen, Valle kommune III - Gards- og ættesoge Valle, 1987, side 355–413

Referansar

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 355
  2. Valle III, side 355
  3. Bygdeskrifter frå Valle og Hylestad, utgeve av Valle bygdesogenemnd, 1983, side 127-128
  4. Valle III, side 362–363

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...