Badmintongruppa

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. mars 2016 kl. 07:10 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Thomas Malm)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

Badmintongruppa er ei undergruppe i Otra IL. Gruppa blei teken opp i idrettslaget under årsmøtet 23. april 2015.

Gruppa blei starta opp på privat initiativ i 2013, med trening i Otrahallen ein kveld i veka. Hausten 2014 var det alt 28 aktive medlemer i gruppa. Sju av desse var under 16 år.

Den første leiar i gruppa er Thomas Malm. Han er tidlegare aktiv badmintonspelar på elitenivå.

Kjelder

  • Innkalling m/saksdokument til og protokoll frå årsmøtet i Otra IL 23. april 2015