Austre Råbyggelag skrivardøme
Hopp til navigering
Hopp til søk
Austre Råbyggelag skrivardøme oppstod ca. 1650, då Råbyggelaget skrivardøme blei delt i to, Austre og Vestre Råbyggelag skrivardøme. Det eksisterte til 1852, då alle skrivardøma i Nedenes amt blei omregulerte.
Austre Råbyggelag skrivardøme var delt i to tinglag: Risland tinglag og Vegusdal tinglag. Evje og Vegusdal høyrde til Vegusdal tinglag, saman med Mykland, Herefoss og Heldal i Froland. Søndre Vassend, som på denne tida høyrde til Evje og ikkje Bygland, var også med her.
Kjelder
- Næss, Hans Eyvind (red.): For rett og rettferdighet i 400 år: sorenskriverne i Norge 1591–1991. Utgjeve av Justisdepartementet/Fabritius, 1991
- Vegusdal - Kultursoge, side 312
- Aslak Fjermedal, Iveland II - Ålmenn kultursoge, utgjeve av Iveland bygdesogenemnd, 1962, side 227
- Oversyn over sorenskrivarembeter i Noreg på Lokalhistoriewiki.no