Austad stavkyrkje

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Austadportalane som stod i stavkyrkja.
Foto: Ove Holst. Fra Universitsmuseenes fotoportal (Unimus)/Wikipedia CC BY-SA 4.0

Austad stavkyrkje stod på Austad i Bygland frå om lag år 1200 til 1668. Då var ho komen i så klein stand at ho måtte rivast. Det eldste kjende namnet på kyrkja er Audastadum kyrkje.

Kyrkja hadde to portalar med utskjeringar med motiv frå segna om Sigurd Fåvnesbane. Etter segna skal dei vere skorne ut av Harde-Aslak. I dag er portalane i Universitetets Oldsaksamling i Oslo.

Kjelder

  • Reidar Vollen, Bygland Gard og Ætt, bind III, side 424–
  • Vilborg Stubseid Hovet, Kjelderittet til Frobrunnan i nordgarden på Austad andre joledag – ein tradisjon med førkristent opphav, artikkel i Setesdal og setesdølar 2022, side 56
  • Lorentz Dietrichson (1892). «Austad kirke». De norske stavkirker: Studier over deres system, oprindelse og historiske udvikling. Et bidrag til Norges middelalderske bygningskunsts historie. Kristiania: Cammermeyer. s. 373–375

Eksterne lenker