Arnstein

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. desember 2019 kl. 07:53 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (→‎Utgjevingar: 2019)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arnstein sin logo, teikna av Rita Flottorp.

Arnstein er eit årsskrift for Evje og Hornnes sogelag. Føremålet med skriftet er å halde farne tider i minne.

I skriftstyret sit (2018) Ragnhild Robstad, Erik Kjebekk, Ivar Haugen, Kåre Hodne, Georg Bjørndal og Eva Haugen Sørgaard.

Sogelaget tok til å gje ut Arnstein i 1994. Dette var i Oddmund Mogstad si tid som leiar. Han og Torgrim Dåsnes var dei som i første rekke drog bladet i gang. Mogstad hadde hovudansvaret for årsskriftet heile tida sidan, inntil han gjekk bort i 2014.

Årsskriftet er kalla opp etter Arnstein, som er den første mannen i bygda ein kjenner namnet til. Han reiste rundt år 1016 ein bauta på Listeinsmoen i Rosseland mark i Evje til minne om son sin, Bjor, som fall i Knut den Mektige sin hær i England då han la landet under seg. Delar av bautaen (Galtelandsteinen) er teken vare på og ligg i Universitetets Oldsaksamling i Oslo. Ein kopi av bautaen er i nyare tid sett opp i FossvikVerksmoen (Listeinsmoen) på Evje.

Utgjevingar

Kjelder