Arne Aano

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 18. juli 2021 kl. 22:02 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (bilde)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arne Aano
Arne Aano.png
Født: 9. juli 1917
Død: 18. september 1999 (82 år)

Arne Aano (fødd 9. juli 1917, død 18. september 1999) budde i Sauda. Han var bakar og vart sangevangelist og vekkingsforkynnar i Stavanger krets av Norsk Luthersk misjonssamband i 1942. Der var han til 1958 då han gjekk inn i Hovedstyret si tjeneste til han pensjonerte seg i 1984.

Arne Aano var kjent som songar som akkompagnerte seg sjølv på trekkspel. Han har sunge inn mange sangkassettar og CD-plater og laga melodiane til mellom anna:

  • Det er nok det som Jesus gjorde
  • Du kjem ikkje utanom Jesus
  • Eg er med dykk på vegen
  • I Romerbrevet åtte
  • Til det landet

Flere gonger har han hatt sang- og talarferder til misjonsfelta og Amerika. Arne Aano var gift med Gislaug Aano f. Lofthus. Dei hadde barna: Jorunn Hoelgaard, Kåre Aano, Paul Aano og Bjarte Aano. Han var bror til KrF-politikeren og skolemannen Jakob Aano.

I 1982 ga Liv Randi Bjørlykke ut boka Arne Aano - Med trekkspel og BibelLunde forlag.

Kjelde

  • Artikkel om Arne Aano i NLM-leksikon