Arild Aabø

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 28. januar 2018 kl. 13:12 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (La til Kategori:Idrettsutøvere via HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Arild AabøSymbol unrelated.svg
Arild Aabø.jpg
Arild Aabø på tur.
Kjeragbolten i bakgrunnen.
Født: 2. oktober 1976 (47 år)

Arild Aabø (fødd 2. oktober 1976) er lærar på Valle skule. Han vaks opp på Rysstad som son til Ingebjørg og Jon Aabø. Han gjekk på Kristiansand katedralskole frå 1992 til 1995 og tok så lærarutdanning i Kristiansand frå 1995 til 2001. Då han var ferdig med utdanninga, fekk han jobb på Valle skule, der han har vore sidan. I den tida han var skulelev, var han guide i Hylestad vegkyrkje om somrane.

I alle år har Arild Aabø vore ivrig langrennsløpar på ski med gode plasseringar i mange renn. Han er og styremedlem i Valle IL. Han gjekk Marcialonga 2013 og vart nr. 1058 av 7000 løparar på tida 4.34.

Frå 2007 til 2011 var han medlem av Valle kommunestyre for KrF, men ved valet i 2011 stilte han ikke til attval.