Ann-Cecilie Andersen Attestog
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ann-Cecilie Andersen Attestog | ||
---|---|---|
Født: | 26. desember 1969 (54 år) |
Ann-Cecilie Andersen Attestog (fødd 26. desember 1969) er lærar på Bygland skule. Ho har representert Senterpartiet i Bygland kommunestyre i perioden 2011-2015. I perioden 2007 til 2011 representerte ho Kristeleg Folkeparti, men då KrF ikkje klarte å stille liste til valet i 2011, vart det laga eit samarbeid med Senterpartiet.
Føre kommunevalet i 2015 stod Attestog i utgangspunktet på 2. plass på SP-lista i Bygland 2015. Men ho trekte seg frå lista på nominasjonsmøtet kort tid før valet. Ved kommunevalet i 2019 stod ho på 3. plass på Setesdalslista 2019, og blei vald inn i kommunestyret for 2019-2023.
Kjelder
- Ole Birger Lien, Nominasjonen som ikkje la til rette for kvinnene, artikkel i Setesdølen nr. 72, 2015, side 5
- Om kommunevalet 2019 på heimesida til Bygland kommune