Alfred Mortensen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Alfred Mortensen
Født: 26. september 1914
Død: 26. august 1981 (66 år)

Alfred Mortensen frå Flatebygd i Evje var fødd 26. september 1914 og døydde 26. august 1981. Han var ein dyktig skihoppar i det fine hoppmiljøet i Evje på 1930-talet. Han var også ein aktiv langrennsløpar.

Vinteren 1931 deltok Mortensen i heile 12 hopprenn. Han fekk 10 premiar og av dei var 6 førstepremiar. Lengste hoppet den vinteren hadde han i VinddalsbakkenByglandsfjord, der han hoppa 48 meter. I 1933 hoppa han 61 meter under trening i ein hoppbakke på Austlandet.

26. januar 1936 opna den nye Oddebakken i Evje. Alfred Mortensen hadde lengste hoppet, vann klasse A og Damenes pokal.

Mortensen var aktiv skihoppar framover heile 1930-talet, til 1939. Etter krigen var han ikkje lenger så aktiv i hoppbakken og langrennssporet som han hadde vore tidlegare. Men så seint som i 1954 deltok han i eit kombinertrenn i Aursjø.

Kjelder