Alf Idland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 13. august 2021 kl. 20:52 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (kursiv)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Alf Idland
Alf Idland.png
Født: 13. desember 1943
Død: 28. mai 1995 (51 år)

Alf Idland (fødd 13. desember 1943, død 28. mai 1995) var misjonsprest i Japan. Han var frå Gjesdal. Foreldrene var snekker Halvard Idland (1920-?) og Gudrun, fødd Skurve (1918-?).

Alf Idland vart student i 1963, cand.theol. frå Misjonshøgskolen/ Menighetsfakultetet 1969 og ordinert i 1970. Etter teneste som feltprest vart han misjonsprest i Japan.

Erik Tangedal skreiv om han i Menighetsblad nr. 2, 2017 for Gjesdal og Ålgård sokn

Ålgård menighet støtta spesielt Alf og ektefellen Yukiko Yamaoka Idland gjennom misjonsprosjekt og avtale med NMS om støtte frå slutten av 1970-talet og fram til Alf døydde 26. mai 1995. Etter hans bortgang støtta prosjektet Yukiko fram til ho nådde pensjonsalderen.

Alf og Yukiko møttest her i Noreg medan Alf gjekk på Misjonsskulen i Stavanger, og dei tok fatt i Japan i 1971. Dei var internasjonale på fleire måtar. I nokre år først på 80-talet var Alf ansvarleg for ungdomsarbeidet i Det Lutherske Verdsforbundet med bustad i Genève.

Oppdraget førde dei på reiser over heile verda, men serleg knytte Alf kontaktar i Sør-Afrika og i kyrkjelydar i det kommunistiske Aust-Tyskland. I minneordet i Stavanger Aftenblad karakteriserte Egil S. Eide han som ein kulturpersonlegdom.

Alf las og skreiv mykje, og var aktiv på mange frontar. Han hadde mange prosjekt på gang. Det siste prosjektet var hjelp til nabolaget til Rokko misjonsstasjon etter det store jordskjelvet i Japan i januar 1995.

Søndag 26. mai 1995 skulle han forretta gudsteneste, men om natta var det slutt. Han vart 51 år gamal.

Kjelder