Agder Tidend

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Agder Tidend i 1980

Agder Tidend var ei avis på Agder som kom ut mellom 1919 og 1985.

Historikk

Agder Tidend vart utgjeven i Kristiansand frå 1919 og då som: Blad for bøndene, maalfolket, fraahaldsfolket og fiskarane paa Sørlandet. I 1920 vart avisa eit organ for det nyskipa Bondepartiet, og fyrste redaktøren var Ivar Høvik. I heile perioden mellom 1919 og 1963 var Agder Tidend ei dagsavis redigera på nynorsk. Frå 1963 og fram til nedlegginga i 1985 kom avisa ut som vekeavis, to gonger i veka, då på bokmål.

Agder Tidend hadde heile Agder som sitt nedlagsfelt, og var den neststørste avisa knytta til Bondepartiet i tida mellom dei to verdskrigane. I 1920 var opplaget på 5000 og på 4000 i 1932. Medan fleire aviser gjekk under i dei harde mellomkrigsåra, så klara Agder Tidend seg, som einaste bondeavis, utan økonomiske problem. Avisa har heile tida vore open for lesarinnlegg, og var oppteken av bøndenes ve og vel.

Vanskane for dei mindre regionavisene på 1960 og 70-talet ramma også Agder Tidend, som berre hadde eit opplagstall på 2300 i 1963. Då vart avisa lagt ned som dagsavis. Sidan heldt ho fram som vekeavis. I staden for nyhendestoff som avisene Fædrelandsvennen og Dagbladet Sørlandet tok seg av, så satsa Agder Tidend meir på lokalt reportasjestoff frå bygdene, og med Senterpartiet som hovudinteresse. Redaktør dei seinare åra var Tom Svennevig. I 1979 var opplaget under 2000, så då vart det sett i gong ei abonnent verving for å redda avisa.

Men i 1985 måtte ein innsjå at slaget var tapt. Det vart for vanskeleg å dekka båe agderfylka godt nok, og med uendra statstilkot gjennom fleire år og manglande statslysingar, så vart økonomien for vanskeleg. På onsdag 27. mars kom det siste nummeret ut av Agder Tidend.

Dei bileta i frå Agder Tidend som var frå Aust-Agder hamna i Aust-Agder arkivet, og bileta frå Vest-Agder er i Vest-Agder arkivet.

Tilknytning til Setesdal

Mange setesdølar hadde lesearinnlegg i Agder Tidend. Knut Hoslemo frå Bykle var ein trufast bidragsytar dei første åra avisa kom ut. Noko av det første han hadde i bladet, var soger han hadde skrive ned etter sogemannen Svein Hovden. Seinare (2015) er mange av desse innlegga blitt samla og utgjeve av Olav M. Holen i boka Meir gamalt or Sætesdal I. Tormod Uleberg var journalistlærling i avisa, og Paal Vollen var journalist der. Frå Bykle og Setesdal elles hadde Bjarne Tveiten mange mindre og større artiklar frå 1980 og frametter. Ånund K. Homme si bok Buhunden Sonja vart fyrst trykt som føljetong i Agder Tidend og fleire bøker frå Setesdal kom ut trykkeriet til avisa.

Kjelder