Aani Rysstad

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. april 2022 kl. 13:24 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (Fjernet Kategori:Mediefolk; La til Kategori:Redaktører via HotCat)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Aani Rysstad
Aani Rysstad.png
Født: 12. juli 1932
Død: 30. mai 2000 (67 år)

Aani Rysstad (fødd 12. juli 1932 på Rysstad, død 30. mai 2000 i Bærum) var journalist og redaktør. Han var son til Aani Aanison Rysstad. Etter realskuleeksamen i 1950, journalistskule 1953 og Nansenskulen i 1955 fekk han jobb som journalistlærling i avisa Sørlandet. Etter bare eitt år vart han i 1956 redaktør på Mandalskontoret til avisa. Same året gifta han seg med Laila Rysstad. I 1958 kom han som journalist til avisa Nybrott i Larvik. Der var han til 1970, dei fire siste åra som redaktør. Frå 1969 starta han med å bygge opp Nynorsk Pressekontor, der han var redaktør frå 1970 til 1990. Deretter arbeidde han som skribent og omsetjar.

I Larvik var han politisk aktiv og sat i kommunestyret for Arbeiderpartiet frå 1963 til 1967. Han var også i perioden 1966-1970 med i styret for Vestfold Arbeiderparti.

Bibliografi

  • «... allsidig stoff til avisene». 25 år med Nynorsk Pressekontor. Oslo 1994

Kjelder