150 år sidan Bjørgulv Myhola vart fødd

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. september 2022 kl. 22:27 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenkefiks Svein Myhola)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk

150 år sidan Bjørgulv Myhola vart fødd er ein artikkel av Svein Inge Olsen. Den stod i Fædrelandsvennen 21. september 2022 på side 32, og vi har fått legge den ut på Setesdalswiki.

I dag 21. september er datoen då Bjørgulv Myhola ville vore 150 år. Kva var det med denne personlegdommen frå Bygland i Setesdal som gjorde at dei fleste som møtte han, aldri gløymde han? Han vart fødd i Myhola, bruket som ligg 11 km inne i heia frå Skomedal i Bygland. Ånebjør i Åseral er næraste nabo.

Han vart buande i Myhola i til saman rundt tretti år, først saman med far og stemor, og deretter med sin eigen familie. Han dreiv garden godt og hadde 10 kyr, 30 sauer og nokre geiter. Ja, og så okse. Dei slo 30 lass høy. I 1917 selde han Myhola og flytta til Egså i Åseral, der han bruka ein gard for kommunen. Etter tre år kjøpte han garden Bydal i Åseral som han eigde frå 1920 til 1929. Etter det var han på Skomedal.

Bjørgulv let seg ikkje rive med av den nye tida, sto det å lesa i eit av Agder Historielags årsskrift på 70-talet. Det har nærast vorte tabu å sjå seg attende; nostalgi og bevaring er til ein viss del vorte latterleggjort. No kan det verke som noko har snudd. Pandemi, krig i Ukraina, skyhøge straumrekningar, matprisar og auka rente har bremsa mykje. No forstår vi kanskje meir det livet Bjørgulv Myhola levde. Så kven var han, og kvifor i all verda skulle eg skriva boka «Bjørgulv Myhola. Den siste av dei gamle» i fjor? Alle har jo hatt ein oldefar.

Det låg klart i undermedvitet den gongen at Bjørgulv er ei historie for seg sjølv. Orda som har rulla i meg sidan, er noko biletkunstnaren Olav Bjørgum sa; at han var den siste av dei gamle. Han var kjendis, original, oksekøyrar, forteljar - og ikkje minst «den siste av dei gamle.» Hallvard T. Bjørgum kallar han den einaste informanten i manns minne til Gamalt or Sætesdal, folkeminnegranskarane sin bibel.

Historia om Bjørgulv er òg bevisst utforma i trass mot det moderne og urbane.

Og om ikkje det er nok heller; Norden har vorte ei sekulær høgborg utan Gud. I det brutale livet før i tida - med meir fattigdom og tidleg død - klamra ein seg meir til Gud, enn vi gjer i dagens samfunn, der vi til ei viss grad har avskilta Gud. Desse menneska på oldefars tid var så sikre på «å stå opp igjen» ein dag at dagens samfunn måtte ha vore ein framand verd, om dei hadde levd no.

Historiene er mange, om oksekøyraren Bjørgulv, kanskje det han er aller mest kjent for. Han var glad i oksane sine. Ein fullvaksen okse har utrulege krefter. Bjørgulv meinte han var fullt på høgde med hesten, og vel så det. Han lærte å bruke okse som trekkdyr av faren sin, Svein Myhola, som var ein rabagast før han gifta seg og kjøpte Myhola i 1870. Etter det var han ein halden mann.

Sterkare enn hest

Bjørgulv Myhola med stuten

Ein dag Bjørgulv kom køyrande med oksen møtte han ein som køyrde tømmer med hest. Men denne mannen skulle over ein sandmo og ut på elvebakken. Desse tunge, rå stokkane bremsa hardt i sanden, og hesten sleit veldig, sjølv med berre to stokkar på kvar tur. I litt motbakke stoppa det heilt opp, og det var umogleg å rikka dei meir. Mannen vart irritert, det var tydeleg på ordbruken, men hesten kom ikkje vidare. - Nei, her må det nok to hestar til, sa mannen, og gav opp.

- Eg trur oksen greier det, sa Bjørgulv. - Ikkje tale om, sa mannen. Kor mykje veddar du?

- Ei uspretta brennevinsflaske! Det er ein avtale, sa Bjørgulv. Dermed løyste mannen hesten sin og Bjørgulv plasserte oksen der i staden. Oksen seig jamt og tungt framover, så det skrapa i stein og røter, men gav seg ikkje før stokkane var framme på elvekanten. Stuten overvann hesten. Bjørgulv vann ei flaske brennevin.

Men det var ikkje berre oksekøyraren, det var vel så mykje historieforteljaren som gjorde han kjent. Han var stadig intervjua av Fædrelandsvennen, mellom anna på 75-årsdagen sin.

Hausten er jakttid. Sønene til statsråd og lensmann Lars Liestøl var kjende bjørnejegarar. Til Fædrelandsvennen fortalde dei i 1933. På eit høgt fjell i Skomedal jakta dei på hubro. - Eg hadde då med Bjørgulv Myhola. Han var god til å klatra i fjell og frykta ikkje noko. Han sat der oppe mellom himmel og jord og song stev.

I eit intervju med Fædrelandsvennen fortalde Paal Vollen, eller P.V. som han vart kalla, at han ikkje tok munnen for full ved å kalla Bjørgulv for den siste vikingen. «Å sitja å høyre Bjørgulv fortelje frå gamle dagar er ei sann oppleving. En kan verte sett ein mannsalder attende, eller spørje om kva ein vil,» skreiv P.V.

- Redd har eg aldri vore i heile mitt liv, fortalde Bjørgulv. – Ikkje om du såg spøkelse? – Nei, aldri! Nervane og helsa mi har vore så god som ein kan ynskja. – Men du har sett spøkelse? Spurde P.V. – ja, så visst som eg ser deg no. Det var på heia i halvskymringen at synet framfor meg vart fylt av eit vesen med menneskjehovud og dyrekropp. Eg freista meg med fleire bibelord og slikt, men skikkelsen sto der like godt, men så byrja eg på Luthers salme, og så sokk han i golvet. – Og kva for salme var det? – Det var den «om verden full av djevlar var». Bjørgulv seier ordrett hele verset til P.V. Slik er det med alt det gamle som han hugsar. «Den minste detalj har han fest seg, som berre den som er heilt naturmenneske og skarp iakttakar,» sa P.V.

Bjørgulv hadde tenkt på døden lenge. Ein dag fann han seg ein passande stein, hogg inn initialane B.M. og fødselsåret, og løfta steinen på kjerra bak stuten. Steinen tok han med til Austad kyrkje. Han var bestemt på at det var der han skulle gravleggjast. Men så gjekk det ikkje slik. Han enda ved Bygland kyrkje, og steinen enda i muren ved Austad kyrkje. Eg var der med mora mi ein gong på 90-talet. Det var Aslak K. Austad som visa oss steinen. Sidan har ingen sett den.

Bjørgulv Myhola døydde 18. august 1968, vel 96 år gamal.

I samband med 150-årsdagen ville skulptøren Aslaug Frøysnes og eg få opp statue av Bjørgulv med stuten, men klarte ikkje å samle inn pengane. Det er synd. Han var ikkje berre ein institusjon i Bygland og Setesdal gjennom det lange livet. Han levde ikkje berre i faren tid, men var ein reklameplakat for Setesdal i all sin tid. Han gjekk aldri med noko anna ein dølebunaden og talte det opphavlege dølemålet. No når deler av kulturen hamna på UNESCOs verdsarvliste gjer det grunngivinga sterkare.