Øvre Veringsvatn
Hopp til navigering
Hopp til søk
Øvre Veringsvatn ligg i Veringsdalen, sør for Skyvatn, nord-aust for Breive i Bykle. Vatnet ligg 1030 moh. Arealet er 0,70 kvadratkilometer. Frå vatnet renn det ei lita elv austover til Veringsvatnet. Ut av Veringsvatnet renn Veringsåe i naturleg elveleie til Breivevatnet. Øvre Veringsvatn høyrer såleis til Otravassdraget.
Kjelder
- Søknad om konsesjon for Veringsåe kraftverk, dagsett 25. februar 2015