Åse Ingebjørg Flateland

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 7. august 2018 kl. 15:42 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (samtykke i brev då artikkel vart oppretta)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Åse Ingebjørg FlatelandSymbol confirmed.svg
Åse Ingebjørg Flateland.jpg
Født: 29. august 1965 (58 år)

Åse Ingebjørg Flateland (fødd 29. august 1965) er bonde på Graver i Valle. Etter å ha fullført vidaregåande skule på Hornnes gymnas i 1984 gjekk ho eittårig agronomkurs på Holt Landbruksskule. Heilt frå ho var ferdig med ungdomsskulen, var ho avløysar i landbruket, og ho var fem sesongar på Fellesbeitet. Frå 1. januar 1989 overtok ho garden på Graver, der ho driv mjølkeproduksjon. I 2013 fekk ho plakettar for 15 og 20 års elitemjølkproduksjon.

Engasjement innan landbrukssamvirket

Innan landbrukssamvirket har Åse Ingebjørg Flateland vore aktiv både i Norges Bondelag og Tine Meierier Sør, der ho har hatt verv som styremedlem, rådsmedlem, med i kontrollkomite, produsentlagsleiar, avdelingsstyreleiar og Tine-ambassadør i ulike periodar frå 1992 til 2005. I Norges Bondelag har ho vore varaordfører Norges Bondelag 2010-2011, leiar Aust-Agder Bondelag 2006-2010, lokallagsleiar Valle Bondelag 2003-2006, medlem valkomiteen Norges Bondelag 2007-2009, nestleiar 2009, leiar hovedkomite Landbrukets Dag 2008, med i valkomiteen Landbrukets Dag 2009-2010, prosjektansvarleg for prosjektet «Beitet som ressurs for landbruket og bygda» 2008-2009, medlem av miljø-og kvalitetsutvalet, 2009-2011 og medlem av representantskapet, Gjensidige Forsikring BA 2007-2010. Frå 2005 har ho vore aktiv i avløysarlag/ landbrukstenester, som leiar av Aust-Agder Landbrukstenester frå 2005-2008 og leiar av Landbrukstjenester Sør frå 1. januar 2008 til 12. april 2011. Ho har og vore med i valkomiteen i Norske Landbrukstenester 2008- 2011 og er leiar der frå 2011.

Politisk engasjement

I Valle kommune har ho vore representant for Senterpartiet i Valle kommunestyre 1999-2003. I den perioden var ho og leiar av oppvekst/kultur, med i styret for Setesdalsmuseet og med i styret for Setesdal PPT. Ho var med i landbruksnemnda i Valle 1991-95 og i kontrollutvalet frå 1995-1999. I 2011 vart ho vald til leiar av kontrollutvalet i Valle.

Anna engasjement

Utanom alt dette har ho funne tid til å ta ei rekke kurs høgskolenivå frå 2001 til 2007, i alt 45 studiepoeng. I 2010 starta ho på Bachelor i Bygdeutvikling, planen er å gjere seg ferdig med det i 2013. Ho har og vore klubbrådgjevar for Erla 4H i Valle, med i valkomiteen 4H Aust-Agder 2006-2009 og hatt ei rekke verv i Oveinang grendelag og lokalt organisasjonsliv. Frå 2008 har ho og vore med i Debio (sertifiseringsselskap for økologisk produksjon), først som styremedlem og frå 2009 som nestleiar.

Kjelde

  • Opplyst av Åse Ingebjørg Flateland i brev 9. november 2011

Eksterne lenker