Åknes kapell

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 25. februar 2024 kl. 10:37 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke langkyrkje)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Hopp til navigering Hopp til søk
Åknes kapell sett frå kyrkjegardsporten.

Åknes kapell er ei langkyrkjeÅknes i Åseral med 150 plassar og galleri bygd i 1873 av Tobias Flottorp og Gard Ekså, som og laga døypefonten. Kyrkja fekk eit påbygg i 1968.

Inventar

Kyrkjeklokka kom frå Oslo og vart køyrd med hest til Dåsvatn og sidan boren på ryggen av Torgeir Helleren til Lognavatn. Altertavla er akantusranker og treskurd av Lars Svensson Juvasstøl. Orgelet er bygd av Gebrüder Reil i 1988.

Nedslagsfelt

I nedslagsfeltet budde det i 1992 om lag 195 personar, i snitt kom det 30 til gudstenestene og 13 til nattverd dei gongene det var nattverd. Årleg er det om lag ti gudstenester i Åknes kapell, som har stab saman med Åseral kyrkje og Ljosland kapell.

Historie

Det var eit sterkt ønske frå logndølane å få sitt eige gudshus. Vegen fram til Åseral kyrkje i Kyrkjebygd var lang og uframkomeleg. I 1864 blei det teke eit lokalt initiativ om å søke kommunen om å bygge eit kapell på Kyrkjeodden i Åknes. Byggeløyve blei først gjeve i 1871. 1. oktober 1873 vart kyrkjebygget vigsla av prost Peter Blom. Vigslingsgudstenesta blei leia av presten i Åseral, Olmar Ambrosio Nikolai Berger.

Kart

Laster kart...

Kjelder

Eksterne lenker