Hopp til innhald

Kvilldal kraftverk

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. februar 2022 kl. 12:44 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Kvilldal kraftverk er ein del av Ulla-Førre-reguleringa. Kraftverket blei sett i drift i perioden 1981–1986. Installert effekt er 1240 MW fordelt på fire Francisaggregat på 310 MW kvar. Største fallhøgde er 538 meter og samla maksimal slukeevne er 268 m³/sek. I tillegg til å produsere på vatn frå ovanforliggande Saurdal kraftverk, forsynast Kvilldal via Lauvastølsvatn og Sandsavatn frå dei mange bekkeinntaka i takrennesystemet. Med høg effektinstallasjon er Kvilldal eit effektverk som har mange start/stopp per år. Kvilldal kraftverk har utløp til Suldalsvatnet.

Kjelder