Hopp til innhald

Torunn Charlotte Nyberg

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 15. september 2010 kl. 19:34 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (ein start)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Torunn Charlotte Nyberg Lund (fødd 19. november 1968 i Bodø) er kulturleiar i Valle kommune. Ho starta i stillinga 1. august 2008. Ho er allmennlærar frå Trondheim lærarhøgskole og har grunnfag i nordisk og historie, og har og teke tilleggsutdanning i skoleutvikling og leiing og samfunnsplanlegging og leiing.

Ho kom til Valle i 1994 og var lærar på Valle skule dei to første åra. I 1997 fekk ho full jobb som inspektør på Valle vidaregåande skule. Ho var vikar for rektor i to periodar, men i 2006, då skulane vart slegne saman, vart ho avdelingsleiar.

Torunn er gift med Bjørgulv Sverdrup Lund.