Hopp til innhald

Paulenfoss

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 9. mars 2020 kl. 00:21 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Rettet skrivemåte navn)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Paulenfoss med dammen 7. mars 2020.

Paulenfoss er eit fossefall i Otra, rundt 2,5 km nord for Grovane, på grensa mellom Iveland og Vennesla.

Fossen var den første som blei bygd ut i Otra, med Kringsjå kraftverk som blei sett i produksjon i år 1900. I samband med kraftutbygginga blei det bygd dam over heile elvelaupet, slik at den naturlege fossen ikkje finst lenger. I dag nyttar Steinsfoss kraftverk vatnet i Otra frå dam ved Beiehølen litt ovafor Paulenfossen. Det er difor i regelen lite vatn i fossen. Men ved flaum i Otra er han framleis eit mektig syn.

Kjelder

Kart

Laster kart ...