Hopp til innhald

Buhunden Sonja

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 21. september 2015 kl. 08:56 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Lenke Agder Tidend)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Buhunden Sonja og andre minne frå Homme, Valle i Setesdal var eit bidrag til Kulturminneåret 2009. Boka er skriven av Ånund K. Homme.

Valle kommune og Valle Sparebank støtta bokprosjektet, og boka handlar altså om buhunden Sonja og andre minne frå oppvekst i Homme i Valle, på 1930-40-talet. Minna vart skrivne ned på 60-talet, og gjekk som følgjetong i lokalbladet Vestlandsnytt då Ånund K. Homme arbeidde i Herøyskulane. Seinare kom den også som føljetong i Agder Tidend og Setesdølen. Minna vart første gong utgjevne i samla bok i 1997, og kom så i ny utgjeving på Setesdalsforlaget i 2009.

Tema for Kulturåret 2009 var «Dagleglivets kulturminne», og det vart lagt stor vekt på digitalisering av kulturminna. Buhunden Sonja er digitalisert og lagt ut på Valle kommune si heimeside i 2011.

Boka er framleis å få kjøpt som bok på papir. Prisen er 100 kroner + porto. Send tinging til setesdalsforlaget (krøllalfa) gmail.com

Eksterne lenker