Maskinhuset (Flåt)
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Maskinhuset ved Flåt nikkelgruve blei bygd fyrste gong i 1884. Det blei montert inn ein dampmaskin til å drive heisen i skråsakta i Gamlegruva. Saman med maskinhuset med dampmaskinen høyrde eit høgt heisetårn. Dampmaskinen vr i bruk til noko etter at det kom elektrisk heis i 1909. Han stod i reserve i tilfelle det skulle bli problem med tilførsla av straum frå Evje kraftstasjon i Fennefossen.
Maskinhuset og heisetårnet stod like nord for inntaket på Gamlegruva. I dag er bare fundamentet til maskinhuset tilbake, og området det stod i er tilvaksen med skog.
Kjelder
- Sigmund Monen, Flåt nikkelgruver og bygda. Arbeidarhistorie, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 144–151