Hopp til innhald

Interkommunalt samarbeid om UNESCO-satsing i oppvekst

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 22. september 2023 kl. 07:05 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Ny side)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Interkommunalt samarbeid om UNESCO-satsing i oppvekst er eit delprosjekt under hovudprosjektet Setesdalsfolk. Føremålet er opplæring i folkemusikk – song, dans og spel – i skular, barnehagar og kulturskular i Bykle, Valle og Bygland kommunar, samt samarbeid om ei interkommunal stilling i folkemusikk i kulturskulane.

Samarbeidspartnarar er dei tre kommunane Bykle, Valle og [[Bygland], Setesdal Spelemannslag og Agder fylkeskommune. Prosjektansvarleg er Valle kommune ved kommunedirektør. Prosjektleiar er leiar Kultur og Fritid Valle kommune, for tida (2021) Torunn Charlotte Nyberg.

Kjelder

  • Halvårsrapport 2023, Interkommunalt samarbeid om UNESCO-satsing i oppvekst, dagsett 26. juli 2023

Kultur i Valle Kultur i Bykle Kultur i Bygland