Hopp til innhald

Gåseflåfjorden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 11. juni 2015 kl. 09:39 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Gåseflåfjorden)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)

Gåseflåfjorden er eit oppdemd inntaksmagasin for Iveland kraftverk i Otra, sør-aust for Kilefjorden. Nord for Gåseflåfjorden ligg Øyna og Øynavatnet i Iveland. Områda sør for fjorden høyrer til Hægeland i Vennesla.

Før oppdemminga av Gåseflåfjorden i 1953 var det ein høgdeskilnad på omlag 11 meter mellom Kilefjorden og Gåseflåfjorden. Vatnet frå Kilefjorden rann ned i Gåseflåfjorden gjennom fossefallet Soga ved Kile. I dag gjer oppdemminga at heile strekninga frå Gåseflåfjorden til Fennefossen i Evje og Hornnes kan reknast som ein vatnspegel.

Kjelder