Homme bru (Fjellmannsvegen)
Utsjånad

Foto: Geir Daasvatn
Homme bru gjekk over Eljansåna ved Hommeneset i Hægeland. Ho var bygd i 1784, og var ein del av den gamle Fjellmannsvegen over Lauvåsheia som setesdølane nytta mellom Kile og Fennefoss når dei ikkje kunne ro Otra.
Kjelder
- Torfinn Normann Hageland, Gamle veger i Vest-Agder, utgjeve av Statens vegvesen Vest-Agder, 2000, side 176–178
- Artikkelen om Homme bru på Kulturminnesok.no