Hopp til innhald

Paulenfoss

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 8. mars 2020 kl. 15:46 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (rettet liten faktisk opplysning)
Paulenfoss med dammen 7. mars 2020.

Paulenfoss er eit fossefall i Otra, rundt 2,5 km nord for Grovane, på grensa mellom Iveland og Vennesla. Fossen var den første som blei bygd ut i Otra, med Kringsjå kraftverk som blei sett i produksjon i år 1900. I samband med kraftutbygginga blei det bygd dam over heile elvelaupet, slik at den naturlege fossen ikkje finst lenger. I dag nyttar Steinsfoss kraftverk vatnet i Otra frå dam ved Beihølen litt ovafor Paulenfossen. Det er difor i regelen lite vatn i fossen.

Kjelder