Hopp til innhald

Torkjel Rossås

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 30. november 2017 kl. 07:20 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Presisert en kategori)
(skil) ← Eldre versjon | Siste versjonen (skil) | Nyare versjon → (skil)
Torkjel Rossås
Født: 1. oktober 1841
Død: 23. juni 1913 (71 år)

Torkjel Rossås (fødd 1841, død 1913) var ein misjonær frå Iveland.

Han kom frå garden Rossås på heia vest i Iveland. Men han fekk opplæring som misjonsprest i Stavanger, og vart send til Madagaskar av Det Norske Misjonsselskap (NMS). Han kom til den vesle tettstaden Antsirabe i 1872, og blei verande der til 1907. Han sette i verk mange ulike arbeider i byen. Saman med fangar frå det lokale fengselet fekk han bygd hus, vegar og vannkanalar. I samarbeid med NMS fekk han bygd heimar for spedalske.

Midt i Antsirabe ligg eit område som heiter Rossås plass. Der står ei byste over Torkjell Rossås. Ei lik byste står ved Iveland kyrkje.

Kjelder