Høgås hyttefelt: Skilnad mellom versjonar
Høgås hyttefelt |
s Lagt til en kategori |
||
| (6 mellomversjonar av den same brukaren er ikkje viste) | |||
| Line 1: | Line 1: | ||
'''Høgås hyttefelt''' er eit nytt hyttefelt mellom [[Høgås skianlegg]] og [[Himmelsyna]], på heia mellom [[Flatebygd]] og [[Gautestad]], i [[Evje og Hornnes kommune]]. Ein kjem til feltet ved å følge [[Fylkesveg 306|Fv-306 (Gautestadvegen)]] frå [[Evje kyrkje]] forbi Flatebygd til avkjøyrsla til Høgås skianlegg. | [[Fil:Høgås hyttefelt 061113 (3).JPG|miniatyr|høyre|Høgås hyttefelt. {{Byline|[[Geir Daasvatn]]}}]] | ||
'''Høgås hyttefelt''' er eit nytt hyttefelt mellom [[Høgås skianlegg]] og [[Himmelsyna]], på heia mellom [[Flatebygd]] og [[Gautestad]], i [[Evje og Hornnes kommune]]. Ein kjem til feltet ved å følge [[Fylkesveg 306|Fv-306 (Gautestadvegen)]] frå [[Evje kyrkje]] forbi Flatebygd til avkjøyrsla til Høgås skianlegg. Frå der går det [[Høgåsvegen|privat veg]] fram til feltet. | |||
Reguleringsplanen for Høgås hyttefelt er dagsett [[11. oktober 2004]] med nokre seinare mindre endringar. Planen opnar for bygging av ca | Reguleringsplanen for Høgås hyttefelt er dagsett [[11. oktober 2004]] med nokre seinare mindre endringar. Planen opnar for bygging av ca 110 fritidsbustader i området, med areal mellom 900 m2 og 1600 m2. Så langt (2014) er det seld 35-40 tomter. I området er det eit omfattande nett av turløyper om sommaren og skiløyper om vinteren. Mellom anna går det turløype og skiløype til toppen av Himmelsyna. Det er og bygd eit mindre skitrekk dei seinare åra. | ||
Feltet ligg på grunn tilhøyrande gardsbruket [[Åsen]], med [[Trygve Jokelid]] som grunneigar. Det er også Trygve Jokelid som eig og utviklar hyttefeltet, gjennom selskapet | Feltet ligg på grunn tilhøyrande gardsbruket [[Åsen]], med [[Trygve Jokelid]] som grunneigar. Det er også Trygve Jokelid som eig og utviklar hyttefeltet, gjennom selskapet Høgås Hyttefelt AS. | ||
== Eksterne lenker == | |||
[http://hogaashyttefelt.no/ Heimesida til Høgås hyttefelt] | |||
[[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]] | [[Kategori:Næringsliv i Evje og Hornnes]] | ||
[[Kategori:Hyttefelt i Evje og Hornnes]] | |||
Siste versjonen frå 24. mars 2017 kl. 07:18
Høgås hyttefelt er eit nytt hyttefelt mellom Høgås skianlegg og Himmelsyna, på heia mellom Flatebygd og Gautestad, i Evje og Hornnes kommune. Ein kjem til feltet ved å følge Fv-306 (Gautestadvegen) frå Evje kyrkje forbi Flatebygd til avkjøyrsla til Høgås skianlegg. Frå der går det privat veg fram til feltet.
Reguleringsplanen for Høgås hyttefelt er dagsett 11. oktober 2004 med nokre seinare mindre endringar. Planen opnar for bygging av ca 110 fritidsbustader i området, med areal mellom 900 m2 og 1600 m2. Så langt (2014) er det seld 35-40 tomter. I området er det eit omfattande nett av turløyper om sommaren og skiløyper om vinteren. Mellom anna går det turløype og skiløype til toppen av Himmelsyna. Det er og bygd eit mindre skitrekk dei seinare åra.
Feltet ligg på grunn tilhøyrande gardsbruket Åsen, med Trygve Jokelid som grunneigar. Det er også Trygve Jokelid som eig og utviklar hyttefeltet, gjennom selskapet Høgås Hyttefelt AS.