Moi (Evje og Hornnes gnr. 24)
Hopp til navigering
Hopp til søk
Moisund med Skrivargarden (bnr. 1 på Moi-garden) til venstre.
Foto: Geir Daasvatn
Moi er ein gard på Moisund, på vestsida av Otra, sør i Evje og Hornnes kommune. Mot nord grensar garden til Hannås, og i sør til Vestre Hodne. Namnet kjem frå gamalnorsk, mor, og tyder «på moen». Det er ein typisk «firkantgard», med lite hei. Garden er etter alt å døme ein av dei aller eldste i kommunen, mest sannsynleg frå romersk jernalder (før år 400 e.Kr.). På garden er det eit gravfelt med 26 gravhaugar. Truleg er desse frå folkevandringstida (400-570 e.Kr.).
Bonden på Hornnes-garden , Salve Kjetilson Hornnes, eigde Moi først på 1600-talet.
Kjelder
- Olav O. Uleberg, Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969, s. 512-534
- Oddmund Mogstad, Gardsnamn i Hornnes, artikkel i Arnstein 2006, s. 30