Kyrkjebygda (Åseral)

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kyrkjebygda 26. februar 2017.

Kyrkjebygda (Kyrkjebygdi) er ein tettstad og administrasjonssenteret i Åseral kommune. Bygda ligg på ei flate mellom høge fjell ved nordre enden av Ørevatn. Gjennom bygda og ut i Ørevatnet renn elvane Monn og Logna. På vestsida av Monn ligg gardane Åsland og Forgard. På austsida av elva ligg Austrud og Berg.

I Kyrkjebygda ligg mellom anna rådhuset, Åseral kyrkje, Åseral bedehus, Minne Åseral kultursenter, butikk, barne- og ungdomsskule og Åseral idrettspark.

Kjelder

  • Olav Leirvik, Åseral, kapittel i Norges Bebyggelse, herredsbind Vest-Agder, vestre del, Faglitteratur AS, 1997, side 812 flg.
  • Om namnet hos Statens Kartverk

Kart

Laster kart...