Torunn Charlotte Nyberg

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Torunn Charlotte Lund)
Hopp til navigering Hopp til søk
Torunn Charlotte NybergSymbol confirmed.svg
Torunn Charlotte.jpg
Født: 19. november 1968 (55 år)

Torunn Charlotte Nyberg (fødd 19. november 1968 i Bodø) er kulturleiar i Valle kommune. Ho starta i stillinga 1. august 2008. Ho er allmennlærar frå Trondheim lærarhøgskole og har grunnfag i nordisk og historie, og har og teke tilleggsutdanning i skoleutvikling og leiing og samfunnsplanlegging og leiing.

Ho vaks opp i Glomfjord og kom til Valle i 1994 og var lærar på Valle skule dei to første åra. I 1997 fekk ho full jobb som inspektør på Valle vidaregåande skule. Ho var vikar for rektor i to periodar, men i 2006, då skulane vart slegne saman, vart ho avdelingsleiar.

Torunn var gift med Bjørgulv Sverdrup Lund, men dei skilde seg i 2015. Ved valet i 2011 sto ho på fjerdeplass på Høgrelista i Valle 2011. Ved valet i 2015 kom ho inn i Aust-Agder fylkesting.

Kjelder