Statens Naturoppsyn

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
SNO sitt kontor i Bykle ligg i Hovdetun
Foto: Peter Hermansen

SNO Bykle har ansvar for naturoppsyn i indre deler av Agder. Peter Hermansen er oppsynsmann for Statens Naturoppsyn. Arbeidsoppgåvene hans er å driva naturoppsyn med heimel i lov om statleg naturoppsyn innafor sitt oppsynsområde. Føremålet er å ivareta nasjonale miljøverdiar og førebygge miljøkriminalitet.

Oppsynet fører kontroll etter Friluftslova, Naturvernlova, Motorferdselslova, Kulturminnelova, Viltlova, Laks- og innlandsfisklova og delar av Forureiningslova. Peter Hermansen driv og med rettleiing og informasjon, samstundes som han driv med skjøtsels-, registrerings- og dokumentasjonsarbeid.

Kontoret, som ligg i HovdetunHovden, har ei særleg oppgåve knytt til oppsyn i verneområde i indre delar av Aust-Agder. Dei har eit samla areal på 2.534 km2 fordelt på 28 naturreservat, tre landskapsvernområde og eit biotopvernområde. Setesdal Vesthei/Ryfylkeheiane landskapsvernområde står i ein særstilling, og SNO Bykle deler oppsynsansvaret med SNO Hægebostad og SNO Suldal.

SNO Bykle løyser deler av sine oppsynsoppgåver gjennom tenestekjøp frå Villreinlaget, som har jaktoppsyn under villreinjakta i Setesdal Vesthei Ryfylkeheiane landskapsvernområde.