Hallvard Rysstad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Hallvard Rysstad
Født: 22. april 1870
Død: 3. april 1937 (66 år)

Hallvard S. Rysstad (fødd 22. april 1870, død 3. april 1937) var spelemann frå Rysstad i Hylestad. Foreldra var Salve Aanundsson Rysstad og Gunnbjørg Hallvardsdotter Rysstad.

Knut Jonson Heddi var den første læremeistaren til Hallvard. I folkeskulen fekk han Torgeir Bjørnarå til lærar, og han hadde samhug med fela. Seinare var han til Fyresdal og fekk lære fleire slåttar av Petter Veum. Hallvard brukte dusinfele dei første åra. Men etter turen til Fyresdal brukte han hardingfela.

Etter år 1900 var Hallvard ute på fleire konsertreiser. I 1904 reiste han til Amerika, og heldt også der nokre konsertar.

I 1911 kom Hallvard heim igjen til Norge. Han oppsøkte Halvor Flateland i i Telemark, og lærte mange slåttar av han. Dei seinare åra var han mykje saman med meisterspelemannen Gunnulf Borgen frå Bø. Gunnulf kom lange turar på vitjng til Hallvard og broren Såvi Rysstad i 1930-åra. Hallvard og spelemennene Olav E. Risdal og Gunnar Austegard frå Hornnes var også mykje saman.

Best kjend skal Hallvard vere for si utforming av faremoslåtten Norafjellsen.

Hallvard Rysstad var sterkt knytt til Telemarksspelet. Dansespel med rask takt, som var meir brukt i Setesdal, brydde han seg mindre om. Det var tonane, ikkje takta, som var det viktigaste for han. Kjennarar meiner at han kanskje av den grunn var mindre påakta og verdsett av sambygdingane sine enn han hadde fortent.

Ved sida av felespelet leste Hallvard mykje litteratur. Han var mykje interessert i gamalt, i gamle soger, segner og forteljingar. Han skal ha vore ein stor naturelskar, som lika blomar, heier og fjell.

Kjelder