Håheller rasteplass

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Gå til: navigasjon, søk
Håheller rasteplass i august 2011
Siri Johannessen (2011)

Håheller rasteplass ligg på Suleskarvegen (Fylkesvei 45/337) 868 meter over havet og omlag 27 km vest for Nomeland i Hylestad (Valle kommune).

Rasteplassen ligg i Setesdal Vesthei (Ryfylkeheiane landskapsvernområde), i eit område kalla Håhelleren der folk i fleire hundre år har kunne søkje ly under store heller på vegen over heia. Den nye rastelassen blei opna 16. juni 2010 i samanhang med Suleskarvegen sitt 20-års jubileum. Til stades var ordførarar og heile fylkestinget.

Håheller rasteplass har toaletter, interaktiv informasjonstavle, breiband og parkeringsanlegg - men ikkje dekning for mobiltelefonar.

[rediger] Bakgrunn

SVR sa i årsmeldinga for 2007 at

Tiltaket vert sett i verk for motvirke ”villcamping” inn i verneområdet, kanalisere ferdsla og informere om SVR og formålet med vernet. Prosjektet har så langt mottatt 750 000 kr frå DN/SNO og 150 000 kr frå Statskog.[1]

Anlegget blei bygd av Repstad Anlegg frå Søgne, arbeidet starta i juni 2009 og plassen var ferdigstilla i slutten av oktober samme år.

[rediger] Eksterne lenker, kjelder og referanser

  1. Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane landskapsvernområde: Lokal forvalting av Noregs nest største verneområde og Europas sørlegaste villreinstamme - Årsmelding s. 3
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Navigasjon
Verktøy