Gunhild Skripeland
Hopp til navigering
Hopp til søk
| Gunhild Skripeland | ||
|---|---|---|
| Født: | 29. september 1903 | |
| Død: | 18. april 1969 (65 år) | |
Gunhild Skripeland (f. 29. september 1903, død 18. april 1969) var husmor i Mykland, bondekone i Bydalen i Åseral og til sist vaskehjelp i Hornnes. Ho blei påkøyrt i ei trafikkulykke i Kjetsåkrysset (Rv-9/Fv-42) på Hornnes, og døydde på sjukehuset 12 dagar seinare. Ho kom opphaveleg frå småbruket Kleven på Øvre Dåsvatn i Hornnes. Foreldra var John T. Dåsvatn og Anna S. Dåsvatn.
Gunhild var gift med Ånund T. Skripeland (f. 1896, d. 1969) frå Mykland. Ånund kjøpte gardsbruk i Bydalen rundt 1933, og her blei familien verande til ca. 1959. Då bygde dei eit lite hus i Dåsnesmoen bustadfelt i Hornnes.
Kjelder
- Torleiv Vika, Våre røter, utrykt familiehefte om etterkomarane etter John T. Dåsvatn og Anna S. Ose
- Tarjei Liestøl og Torleif Eiken, Åseral Gard og Ætt, utgjeve av Åseral bygdesogenemnd, 1987, side 640