Daniel Danielsen
Daniel Danielsen (fødd 17. septembber 1879 på Askerøy i Tvedestrand, død 1957) var rektor på Hornnes landsgymnas frå 1923 til 1950.
Innhold |
[rediger] Biografi
Daniel Danielsen vart fødd inn i ein skipsførar- og reiarfamilie. Han tok artium i Tvedestrand i 1897 med beste karakter i nesten alle fag. Deretter studerte han realfag på Universitetet i Kristiania. Her fekk han vere med i forsking saman med professor Reidar Birkeland og Fridtjof Nansen. Han tok matematisk-naturvitenskapelig lærareksamen i 1902, deretter var han lektor ved Kristiansand Katedralskole i 21 år. I den tida var han medlem av Kristiansand kommunestyre frå 1911 til 1922. Frå 1917 til 1919 var han varaordførar i Kristiansand.[1] Etter tida i Kristiansand kom 27 år som rektor ved Hornnes landsgymnas.
Han var frå 1904 gift med Olga Teresia Sunde, lærardotter frå Drammen. Sonen Andreas vart sidan førstekonservator ved Botanisk avdeling, Tøyen.
[rediger] Sakprosaforfattar
Danielsen var ein flittig forfattar av både bøker og tidsskriftartiklar, mest innan geologiske emne.
Elles var hovedinteressen slekts- og lokalhistorie. Han skreiv ei lang rekke artiklar i historietidsskrift og årbøker. Men freafor alt var han oppteken av lokalhistorie frå Dypvåg. I 1930 gjorde han ein avtale med gymnasrektor Sophus Jenssen i Oslo, som var frå Skibvik i Dypvåg, om at dei skulle lage eit lokalhistorieverk saman. Jenssen leita i arkiva og skreiv om eigedomane, medan Danielsen skreiv om slektene.
I 1965, ni år etter at Daniel Danielsen døydde, kom Dypvåg Gårds- og slektshistorie i tre bind - heile 2394 sider. Nærare 24.000 personar er omtalt i verket. Dette arbeidet var sterkt medverkande til at begge forfattarane fekk Kongens Fortenstmedalje i gull.
[rediger] Bibliografi
- Bidrag til Sørlandets kvartærgeologi 1910
- Kvartærgeologiske streiftog på Sørlandet 1912
- De gamle havmerker i Brufjellet ved Aaensire 1917
- Um steinane og jordi 1921
- Festskrift til Hornnes kyrkje sitt hundradaars-jubileum 1928
- Hornnes landsgymnas 1918-48 1948
- Dypvåg Gårds- og slektshistorie 1958
- Navneregister til Dypvåg gårds- og slektshistorie 1999
[rediger] Referansar
- ↑ Daniel Danielsen i Hvem er Hvem 1938 side 120
