Bygland vassverk
Fra Setesdalswiki
Bygland vassverk hentar vatnet frå fjordbassenget ved Urdviki.
Foto: Reidar Tveito
Bygland vassverk leverer vatn til Bygland sentrum, Prestlia og Nesmoen. Vatnet vert henta opp frå om lag 40 meters djup midt i fjordbassenget ved Urdviki. Frå vassverket på Nesmoen vert vatnet pumpa via ein sjøledning til Prestneset (Tangen), så til Bygland sentrum og Prestlia og til eit høgdebasseng som ligg ovanfor Prestlia.
[rediger] Prøver
I vassverket vert vatnet grovsila, UV-bestrålt for å fjerne eventuelle bakteriar, virus og parasittar. Det vert også tilsett lut for å heve PH-verdien. Med jamne mellomrom vert det teke vassprøver som vert analysert av Eurofins sitt laboratorium i Kristiansand. All prøvetaking vert gjennomført etter ein prøveplan som er godkjent av Mattilsynet. Prøvene vert tekne på Byglandsheimen og på Bygland kommunehus.
[rediger] Kjelde
- Leiv Rygg: Vasskvaliteten på vatn frå Bygland vassverk. Artikkel i Setesdølen nr. 95, 2011 side 10