Årdal kyrkje

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Gå til: navigasjon, søk
Årdal kyrkje
Foto: Reidar Tveito
Årdal kyrkje, interiør
Vigslingsinskripsjon

Årdal kyrkje ligg på vestsida av vegen, mellom Riksveg 9 og den delen av Byglandsfjorden som og vert kalla Årdalsfjorden i Grendi i Bygland kommune. Den tømra kyrkja vart bygd i 1828 av Anders Syrtveit, «Anders kyrkjebyggjar» vart han og kalla. I 1988 fekk ho nytt våpenhus. Kyrkja har plass til 200 personar. Døypefonten er av tre, orgelet er elektronisk frå 1975. Kyrkjeklokka er laga av Hans Mo frå Christianssand i 1805 og har inskripsjonen «Soli Deo Gloria».

Kyrkja har eit nedslagsfelt der det bur 500 personar. I 1992 var det 21 gudstenester med eit snitt på 65 deltakarar, 9 døypte, 20 konfirmantar, 1 vigsel og 7 gravferder. I tillegg var det to møteseriar i kyrkja dette året.

Kyrkjegarden ligg rundt kyrkja, men ein nyare del har blitt laga på austsida av Riksveg 9, nord for vegen som går opp til Landeskogen. Nord for kyrkja, på vestsida av vegen, er det parkeringsplass, det er også ein parkeringsplass sør for den delen av kyrkjegarden som ligg på austsida av Riksveg 9.

[rediger] Kjelder


Bygland komm.png
Kyrkjer og forsamlingshus i Bygland kommune
461px-NO 0938 Bygland svg.png
Årdal kyrkje · Bygland kyrkje · Sandnes kapell · Sandnes kyrkje · Austad kyrkje
Fredheim bedehus · Grendi bedehus · Vonheim bedehus
Lokomotivstallen på Byglandsfjord · Bygdestova på Longerak · Grendi skule · Ose grendehus · Åraksbø grendehus
Personlige verktøy
Navnerom

Varianter
Handlinger
Navigasjon
Verktøy