Skilnad mellom versjonar av «Reier Gjellebøl»
sIngen redigeringsforklaring |
sIngen redigeringsforklaring |
||
Line 11: | Line 11: | ||
[[Kategori:Prester i Valle]] | [[Kategori:Prester i Valle]] | ||
[[Kategori:Fødsler på 1700-tallet]] | [[Kategori:Fødsler på 1700-tallet]] | ||
[[Kategori:Dødsfall | [[Kategori:Dødsfall i 1803]] |
Siste versjonen frå 27. september 2014 kl. 18:35
Reier Gjellebøl | ||
---|---|---|
Født: | 22. april 1737 | |
Død: | 24. november 1803 (66 år) |
Reier Gjellebøl (22. april 1737 - 24. november 1803) var prest og forfattar. Gjellebøl vart fødd i Høland, i noverande Aurskog-Høland i Akershus. Han tok studenteksamen i København i 1755, og studerte deretter teologi. Fram til 1773 var han lærar i Danmark, mellom anna på Kronborg slott, då vart han sokneprest i Valle i Setesdal. I 1783 vart Gjellebøl sokneprest i Stavanger. I Setesdal vart han rekna for å vere streng og stri. Det var usemje om presteskyssen og skulestellet.
I 1771 fekk Gjellebøl trykt boka:Naturlig og oeconomisk Beskrivelse over Hølands Prestegield i Aggershuus stift i Norge. Denne boka, til vanleg kalla Hølandsboka har vorte rekna som den første norske bygdeboka.
I Setesdal skreiv han Beskrivelse over Sætersdalen i Christiansands Stift, og boka vart godt motteke. I tillegg til desse topografiske skildringane skreiv og omsette han religiøse bøker. Anonymt gav han ut eit hefte med salmar.
Kjelder
- Torleiv Uppstad: Vallepresten Reier Gjellebøl i Jol i Setesdal 2006.