Nånesodden

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 14. oktober 2016 kl. 14:03 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Bilde av gravrøysa)
Hopp til navigering Hopp til søk
Fil:Nånesodden Bygland gravrøys 141016.jpg
Gravrøysa etter restaurering i 2012.
Bronsealderpinsetten frå Nånesodden
Foto: Helene Russ/Kulturhistorisk Museum

Nånesodden stikk ut i Byglandsfjorden frå Nånes på vestsida av fjorden. Her ligg det ei gravrøys. I Kulturminnesøk heiter det at ho er frå jernalderen. I ei undersøking sommaren 2012 i samband med erosjonssikring fann dei brente bein og ein pinsett frå bronsealderen, noko som var ei stor overrasking for arkeologane.

Gravrøysa hadde eit kammer på 2 x 0,5 m som var bygd opp av kantstilte stein. Retningen var mot Lauvdal. Funnet gjer at ein reknar med at fleire av gravrøysene rundt Byglandsfjorden er frå bronsealderen.

Etter undersøkinga vart gravrøysa restaurert. Som alle gravrøyser er ho freda etter kulturminneloven.

Eksterne lenker

Kart

Laster kart...