Flotøygarden

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Flotøygarden 24. april 2020.

Flotøygarden er ein gamal, nedlagd støyl langs Flåtvegen på heia mellom Flatebygd og Høvringsvatnet, nord-aust i Evje og Hornnes. Dei fleste øygardane i Evje og Hornnes ligg innanfor grensene til garden. Men Flotøygard ligg isolert frå resten av garden.

I same område som Flotøygarden, og nokså samla, ligg fleire andre støylar. Det er grunn til å tru at heile området har vore ein støyl ein gong. Etterkvart som garden Flåt blei delt, fekk så kvart bruk sin eigen støyl i området.

Flotøygard var truleg, i mellomalderen, eigen gard. Men så blei han lagt øyde etter Svartedauden.

Kjelder

Kart

Laster kart...