Hopp til innhald

Bjoren Brygge

Frå Setesdalswiki
Den utskrivbare versjonen er ikkje lenger støtta eller kan ha rendring-feil. Oppdater eventuelle bokmerke i nettlesaren din og bruk den vanlege utskriftsfunksjon til nettlesaren i staden.
Dampbåten Bjoren ved Bygland brygge i 2009. Serveringsstaden «Bjoren Brygge» til høgre.

Bjoren Brygge eller Brygga, som staden vert kalla på folkemunne, er ein koseleg liten serveringsstad som ligg nede ved fjorden i Byglandsbygda. Bygland kommune eig staden, men leiger han ut til andre. Næraste nabo er bygget der Glashytta i Setesdal i mange år heldt til, nå Stoga Bygland.

Vertskapet på Brygga var først Tone Simonstad Knutsen og Gro-Tove Frafjord Helle, som frå november 2010 også dreiv Tappen i sentrum av Bygland. Etter dei dreiv Jan Tore Leifsen verksemd her i mange år. Han hadde kompeutsal og stelte i stand mange ulike arrangement (konsertar, quiz, m.v.) om kveldane. Frå 2023 er Nina Bygland ny leigetakar og drivar.

Kjelder

Eksterne lenker

Kart

Laster kart ...