Beinleinuten
Beinleinuten er eit 1303 meter høgt fjell som ligg i Hylestad vesthei. Det er høgaste fjellet i gamle Hylestad kommune. For å kome dit kan ein gå frå Evardalen. Ein kan og nytte den gamle turvegen frå Suleskarvegen møt Bossbu, sjølv om merka er overmalte med gråfarge og difor ikkje så lette å sjå. Då går ein langs Ivlungvatnet, forbi Kyrkjenausen og til Øvre Kleivi, som er om lag halvveges mellom Suleskarvegen og Svartenuthytta. Frå Øvre Kleivi går ein vidare til Den svarte tjørni og Den ljote tjørni før ein så kan gå opp på Beinleinuten frå sørvest.
Når ein står oppe på Beinleinuten, kan ein sjå Beinleivotni og Løefjødd i aust, Svorvarnuten i nord og Roskreppfjorden i vest.
Kjelde
- Reidar Tveito: Dei høgaste fjell og nutar langs båe sider av Otra 3 side 4-10. Byglandsfjord 2011. ISBN 978-82-998304-4-7