Håvard Viki
Håvard Viki (fødd 14. oktober 1932) er mekanikar og maskinreparatør med eige firma i Valle, der han sel mindre maskinar av mange slag, både snøscootarar og plenklypparar. I fritida er han sterkt engasjert i kristeleg arbeid og har kvar veke andakt på Valle bygdeheim. I tillegg er han ein del av staben i Valle Radio, der han har ansvar for andaktsprogrammet Tankar frå Bibelen ein onsdag i månaden.
Kjelder
- Fødselsdagsnotis i Setesdølen nr. 81, 2007 side 10