Fredagsprogram Valle Radio 20110204
Fredagsprogram Valle Radio 20110204 er programmet for sendinga i Valle Radio fredag 4. februar 2011. Ansvarleg var Harald Haugland og Kåre Rike var teknikar.
Program
18.00 Aktuell time
- Jan Wojtaszek frå Brokke Alpinsenter om overnattingskapasiteten dei har fått.
- Anne Mo Grimdalen på telefonen i forkant av møtet for å stifte Venstre-lag i Valle komande sundag 6. februar klokka 17 i kommunestyresalen i Valle
- Tarald Myrum om Eitt Agder og Sesilåmi 2011
- Bjørn Harald Hagen om pårørandeskolen til Demensteamet i Setesdal
19.00 Tankar frå Bibelen
- Ved Bjørgulv T. Berg
19.30 Setesdal Regionråd informerer
- Bjørn Ropstad på telefonen vil seie noko om Riksveg 9 og lurer på noko om Setesdalswiki.
20.00 Musikkhalvtime med noko attåt
Den faste musikkhalvtimen blir i dag noko endra for å feire at Lise Engdal frå Oppdal, som er elev ved Valle vidaregåande skule, har vunne NM i gullsmedarbeid i Fredrikstad. Konkurransen gjekk av stabelen 1. - 3. februar 2011. Programmet er ved Katrine Johnsen frå Setesdal vidaregåande skule, avdeling Valle og Lex de Jong, som er gullsmedlærar på skulen.
20.30 Haralds halvtime
Gjest i kveld er Julia Stray frå Ose Turistheim.