Pål Dale

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 27. januar 2011 kl. 15:08 av Harald Haugland (diskusjon | bidrag) (lenker)
Hopp til navigering Hopp til søk

Pål Dale (fødd 11. juni 1944 på Dale) er varaordførar i Valle kommune frå 11. august 2010. Han var også varaordførar i perioden 1987 til 1991, då Pål Åmlid var ordførar.

Etter folkeskulen gjekk han på framhaldsskule i Valle, deretter vart det Bygland jordbruksskule og Bygland skogskule. I 1967 gjekk han på Fritz Pettersens handelsskule i Arendal, det var ein privat handelsskule. I 1996 var han raudruss etter å ha gått på Valle vidaregåande skule og Hovden vidaregåande skule. Etter det vart han immatrikulert på Universitetet i Oslo.

Militærtenesta gjorde han unna tidleg, deretter arbeidde han heime på garden på Dale og hadde fleire tilfeldige jobbar. Ein periode frå 1968 arbeidde han for Vest-Telemark Bilruter. Han jobba også for Voldseth og Løyland sitt maskinfirma med bygging av skogsvegar. I 1974 starta han med køyring i samband med tunnelarbeid for Ingeniørbygg AS. Etter tre år der fekk han jobb på Otra Kraft, der han mellom anna var damkontrollør ved bygging av Vatndalsdammen. I utbyggingsperioden i Bykle var han ambulansevakt og køyrde ambulanse. Då var han stasjonert på Holen kraftverk. I 1987 flytta han til Rysstad og jobba som fagarbeidar i kraftstasjonen. Etter samanslutninga til Agder Energi fekk han ansvar for reinhald og forefallande arbeid på alle stasjonane til Otra Kraft. Dett heldt han på med til han gjekk av med AFP i 2006.

I 1969 gifta han seg med Toril Skomdal frå Fyrestdal. Dei overtok garden på Dale i 1982 og dreiv den med kyr, han hadde opp til 15 kyr og påsett. Garden gav han vidare til dottera Margit Dale i 2003. Ho bygde kaldtfjos til sau og driv no med sauer på garden. Pål var den første i Setesdal som dreiv med økologisk mjølkeproduksjon.

Politisk aktivitet

I 1976 vart Pål Dale vald inn i Valle kommunestyre for fyrste gong. Det var på lista for Senterpartiet i Valle, og her var han til 1987. I perioden frå 1987 til 1991, då han var varaordførar, var han uavhengig i kommunestyret, men i 1991 starta han Valle Bygdeliste saman med Henry Johansen. Den lista heldt i to periodar, siste perioden vart det til at lista samarbeidde med Kristeleg Folkeparti og han fekk plass i formannskapet. Dermed var det naturleg for han å melde seg inn i KrF då Bygdelista ikkje lenger stilte til val. Etter det har han representert KrF i kommunestyret og i formannskapet. I 2000 vart han vald til leiar av partiet. Dermed vart han og medlem av fylkesstyret for Aust-Agder KrF. Han har og vore med i partiet sitt utval for kraftpolitikk i samband med kraftskattereforma.

Som varaordførar i perioden 1981 til 1991 fekk han vere med på å sjå Brokke-Suleskarvegen opna, han var også med på å vedta at Hekni kraftverk skulle realiserast. Når han stiller til val i 2011, har han alt vore den kommunestyrerepresentant som har halde på lengst i samnaheng i Setesdal, og Kommunenes Sentralforbund opplyser at han ligg høgt på landsstatistikken også.

Skriftleg aktivitet

Saman med Arne T. Aabø og Bjarne Tveiten skriv Pål Dale ei bok om 17. mai-tradisjonar i Øvre Setesdal og Telemark. Det har vore mykje diskusjon om 17.-mai-feiringa. Difor ville dei få dokumentert noko om tradisjonane. Elles har han mest skrive innlegg i Setesdølen og framlegg til vedtak i samband med det politiske arbeidet.

Kjelder