Eivind S. Aakhus
| Eivind S. Aakhus | ||
|---|---|---|
| Eivind S. Aakhus speler på Frivilligsentralen på Bygland 10. mai 2012 | ||
| Født: | 4. november 1941 (84 år) | |
Eivind S. Aakhus (fødd 4. november 1941) bur på Såghus i Jordalsbø. Han er maskinentreprenør og driv saman med sonen Sven Jarle Aakhus Aakhus Anlegg AS. Som ung reiste han til USA saman med Torgeir Helle frå Bygland, men då dei vart innkalla til Vietnamkrigen, reiste dei heim att til Norge, der han vart sjåfør i Setesdal Bilruter. Han gifta seg med Thora Herregaarden frå Fyresdal, og dei har døtrene Wenche og Eva i tillegg til sonen.
Som sin far Sven Aakhus er Eivind S. Aakhus ein dugande spelemann og han har halde mange kurs for unge hardingfelespelarar.
Kjelde
- Arne Haugå: Eivind S. Aakhus 70 år i dag. Artikkel i Setesdølen nr. 87, 2011 side 11.