Lislefarmen

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 4. september 2014 kl. 14:19 av Cnyborg (diskusjon | bidrag) (korr)
Hopp til navigering Hopp til søk

Marknaden Lislefarmen finn stad kvar fyrste sundag i september mellom 12 og 17 på Bygland tun (Bygland museum) ved Glashytta i Bygland. Det er ein stad der likt og ulikt demonstrerast, ein marknadsplass fylt med (husflids)varer som gjerne er handlaga og kortreiste frå natur- og kulturmark i dalen. Bak Lislefarmen står husflidslaget og mållaget i samarbeid med andre lokale krefter.

2014 – 7. september – Anne Karin Kaasa og ny scene
7. september skal den nye scena som er sponsa av Sparebanken Sør innviast med ein opptreden av Anne Karin Kaasa og Leikarringen frå Austad. På marknaden er det natursti og aktivitetar for små og store, open glashytte, og sal av mat som til dømes setesdalssuppe, rjomegraut og lefser med noko å drikke til. Det blir sal av handverk og anna frå bodar (det er plass til fleir!) og sist men ikkje minst vil det bli visa korleis belte og tipleband til stakkane lagas på bandvev.
2013 – 1. september – Lokalt internasjonalt
Mellom deltakarane var Bygland Bygdekvinnelag som hadde ein eigen bod med eit sterkt lokalt og internasjonalt preg. Dei hadde lynlotteri, sal av blåbær og middag og dessert frå Irak, og folk fekk smake ulike rotgrønnsaker der. Det blei dessutan visa korleis ein syr løyesaumen som prydar både bunad og Setesdalsgenseren.
2010 – 5. september – Vikingmarknad og Byglandsbruddaupet
Dette året var minst 500 innom Lislefarmen som hadde vikingetida som tema. Koret «Kong Hanes Efterfølgere» var med, og elevar frå Bygland oppvekstsenter viste skodespelet «Byglandsbruddaupet» som er bygd på ein tekst av Hans E. Kinck. Stykket var eit samarbeid mellom folkemusikkprosjektet og skulen, og regissør Bjørn Ravn Carlsen frå Rogaland Barne og Ungdomsteater hjalp til med det.

Kjelder