Yksenskor

Frå Setesdalswiki
Versjonen frå 23. august 2014 kl. 10:15 av Geir Daasvatn (diskusjon | bidrag) (Føyd til ekstern lenke)
Hopp til navigering Hopp til søk

Yksenskor er ein gard på heia aust for Dåsvatn øverst i Dåsvannsdalen i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Den første kjende eigaren var Tollei Yksenskor, som er nevnt i lensregnskapa frå 1610-1618. Garden er då sikkert opparbeidd endå tidligare.

Det kom kjøreveg fram til garden, Yksenskårvegen, frå Håvestøl i Åseral først ca 1979. Fram til då var tilkomsten frå Dåsvatn gjennom Sydalen og opp ein veldig bratt stig det siste stykket (Skotet).

Det skjedde ei tragisk ulukke på Yksenskor 17. desember 1817. Eit stort snøskred losna i fjellsida ovafor garden, og braut ned våningshuset som stod på garden. Sju menneskje omkom. Nye hus vart bygde opp litt lenger vekk frå fjellsida.

Distriktslege Nils Ingemann Kile i Evje kjøpte garden i 1932. Han sette tidlig i 1940-åra opp våningshuset og uthuset som står på garden no. Dagens eigar (2014) er son til doktor Kile, Elg Ingemann Kile, Evje.

Kjelder

Eksterne lenker