Hattefossen
Hattefossen, foss i Kosåna ved utlaupet av Kosvatn i Hornnes i Evje og Hornnes kommune. Her var det sagbruk fra kring år 1900 og framover. Bord og plank fra sagbruket blei kjørt med hest til jernbanestasjonen på Moisund på Setesdalsbanen. Me veit om desse drivarane: O. T. Fennefoss, Thomas Hannås, Hans Tveit, Knut Haraldstad, Jørgen Galteland, Olav Rosef og John Mykjåland.
Etter dette brann saga ned to gonger. I dag står berre ruinane att etter sagbruket.
Kjelder
Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band 1 (1990) s. 192-193